
Eg har alltid vore fascinert av forteljingar frå primitive kulturar, indianarar, samar, inuitar. Ein av dei tinga som fascinerte meg mest, var våpena dei laga med enkle middel, og særskilt bogen, som må seiast å vere den tida sin høgteknologi.
Men det aller mest spennande var historiene frå vikingetida, gjenfortalt av Snorre Sturlasson.
"For veik, for veik er kongens boge!"
Desse orda, frå den største bogeskyttarhelten av dei alle, Einar Tambarskjelve, brann seg fast i eit ungt sinn og slepte aldri heilt taket.
Dei første spede forsøka på å lage ein boge, spenninga, og gleda når pila flaug fint gjennom lufta.
Men og skrekkopplevelsane når pila gjekk ei anna retning enn eg hadde rekna med, og stod med spikarspissen fast i foten til storesøstera.
Eller når eg sikta etter ein måse, og traff! Heldigvis utan spiss på pila, og med så lita kraft at fuglen flaug vidare, om enn litt sjanglete.

Trass i dei mindre gode opplevingane var gleda over å kunne lage stadig betre bogar levande og stor.
Eg har alltid likt å leike, og lysta til leik har ikkje avteke med alderen, heller tvert om!
No, midt i førtiåra er livs-og leikelysta på topp.
Difor har eg blitt viking! Har laga meg tidsriktige klede og søkt kontakt med likesinna, andre som har gjort leiken til ein hobby og interesse for livet.
En mann som eg har stor respekt for, filosofen Arne Næss, har sagt:
"Det tenkes for mye og lekes for lite"
Sjølv har han levd etter dette heile livet. Han er i år 95 år ung!