lørdag 7. juni 2008

Ungdomar 2

I går fekk eg besøk av to av jentene frå bogeskytinga. Dei kjøpte seg ein boge og ei pil som dei skulle øve seg med.

onsdag 4. juni 2008

ungdomar

I dag hadde eg bogeskyting med to niandeklassar. Det var artig å sjå korleis dei endra seg frå å vere usikre og nølande til å bli verdsmeistrar i løpet av eit par små timar. Mange av dei gav uttrykk for at dei ville halde fram med å skyte pil og boge.

Kjekt!

søndag 1. juni 2008

Vikingmarknad på Leikvin

I helga var det vikingmarknad på Leikvin i Sunndal.

Sjølve marknaden starta på Laurdag, men allereie fredag var det full aktivitet. Då hadde vi besøk av 200 skuleborn frå kommunen. Dei vart delte i puljer på ca. 20, og i løpet av dagen var dei innom forskjellige stasjonar.
Pilmaking, grønsak-kutting, brødbaking, gravfeltvandring, bogeskyting og sverdkamp/leik var nokre av aktivitetane dei fekk prøve.

Det var tydeleg at både ungane og lærarane deira sette stor pris på dette tiltaket. Mange av dei kom igjen på marknaden laurdag og søndag.

Marknad er alltid stas, men når det i tillegg er eit slik ver som vi vart velsigna med desse dagane, kan det berre bli kalla ein stor suksess!








Sjølv når enkelte fekk problem med bilen, var det straks ein viking på pletten for å ordne opp.


Det var godt med besøk både laurdag og søndag, og ein god del, spesielt ungdommar, verka ivrige etter å skaffe seg utstyr. Det skulle ikkje forbause om vi snart får sjå dei att som byrdingar.

Rekrutteringa er det i det heile ikkje noko å seie på. Mange små vikingar sprang rundt føtene på folk og hadde det tydelegvis som plommen i egget.







Og det må da gjere eit kjempeinntrykk på folk når dei ser kor tilbakelente og avslappa vikingane er, sjølv når det er eit stort trykk av folk som vil sjå og handle!



















På bogebanen var det mange, både unge og eldre som fekk prøvd seg, og kor mange tusen piler som vart skotne i løpet av helga, er det ingen som veit.

Det var også bogeskytekonkurranse, både open klasse og vikingklasse.

Om kvelden var det matlaging i kokegrop, og etterpå var det leik og moro på vikingvis.




Her ser vi ein trang, men vellukka fødsel!



Takk til alle for ei fin helg!

torsdag 21. februar 2008

Pilproduksjon

Dei siste dagane har eg vore oppteken med å produsere piler. Desse lagar eg i hovudsak av furu, og eg set mi ære i at dei skal ha ein bra finish, sjølv om det er "forbruksvare".
Dei pilene eg skal selje, har ikkje noko mønster, men dei eg skal ha sjølv, dekorerer eg med eit lett gjenkjenneleg mønster. Eg lagar også pilenockar av bøffelhorn slik at pilene skal få litt lenger levetid (forhåpentlegvis).
Alle pilene har 4 lag med lakk.

onsdag 6. februar 2008

Møre Frie Vikingar

Våren 2007 vart eg merksam på at det finst eit vikinglag i fylket. Eg tok kontakt, og fekk ein hyggjeleg mail der eg vart ønskt velkomen til samling i Løvika i Tresfjord sist i mars.

Det viste seg at sjølv om det var eit relativt nystarta lag, så hadde mange vore aktive i vikingmiljøet i fleire år.
Eg var nok litt spent på kva slag merkelege folk som hadde slike obskure interesser, men eg blei positivt overraska!

Dette var ikkje plastvikingar!

Dette er folk som har ei djup interesse for historie, handverk og kultur. Dei set si ære i at alt dei kler seg med og omgir seg med når dei er samla, skal vere så autentisk som mogeleg.

Samhaldet i miljøet er eineståande, og sjølv om eg nok ikkje deler livssyn med dei fleste andre der, kjende eg meg ganske fort godteken.

Eg vart oppteken som byrding (ei prøvetid på ca. eit halvt år).

I mai arrangerte Møre Frie Vikingar marknad på Leikvin i Sunndal. Der deltok både vikingar og byrdingar, og vi hadde dessutan besøkande utanfrå, både frå Borre, bjørgvin og Lund i Sverige.

Veret var fantastisk, bortsett frå ein vind som av og til trua med å reise med telta.

Første helga i september deltok vi på marknaden på Herøy gard. Der var vi ikkje like heldige med veret, sjølv om første kvelden var vakker, med blinkande stjerner på ein høg himmel.

No gler eg meg til ein ny sesong, og håper eg får høve til å vere med på mest mogeleg av aktivitetar.

fredag 1. februar 2008

Sko

Eg gjekk lenge rundt med fjellsko på vikingtreff, men det kjendest ikkje heilt rett. Eg bestemte meg for å oppgradere utstyret, bestilte skinn og fekk tak i mønster til vikingsko. Dette er modellen som er gjenskapt etter funn frå Osebergskipet.
Når du sit og arbeider med slikt, er du så konsentrert at du ikkje merkar sola som steiker i skallen før skaden er skjedd. Resten av dagen vart det Aloe Vera og tørkle på haudet.
Men skoa vart fine!