Dei siste dagane har eg vore oppteken med å produsere piler. Desse lagar eg i hovudsak av furu, og eg set mi ære i at dei skal ha ein bra finish, sjølv om det er "forbruksvare".
Dei pilene eg skal selje, har ikkje noko mønster, men dei eg skal ha sjølv, dekorerer eg med eit lett gjenkjenneleg mønster. Eg lagar også pilenockar av bøffelhorn slik at pilene skal få litt lenger levetid (forhåpentlegvis).
Alle pilene har 4 lag med lakk.
torsdag 21. februar 2008
onsdag 6. februar 2008
Møre Frie Vikingar
Våren 2007 vart eg merksam på at det finst eit vikinglag i fylket. Eg tok kontakt, og fekk ein hyggjeleg mail der eg vart ønskt velkomen til samling i Løvika i Tresfjord sist i mars.
Det viste seg at sjølv om det var eit relativt nystarta lag, så hadde mange vore aktive i vikingmiljøet i fleire år.
Eg var nok litt spent på kva slag merkelege folk som hadde slike obskure interesser, men eg blei positivt overraska!
Dette var ikkje plastvikingar!
Dette er folk som har ei djup interesse for historie, handverk og kultur. Dei set si ære i at alt dei kler seg med og omgir seg med når dei er samla, skal vere så autentisk som mogeleg.
Samhaldet i miljøet er eineståande, og sjølv om eg nok ikkje deler livssyn med dei fleste andre der, kjende eg meg ganske fort godteken.
Eg vart oppteken som byrding (ei prøvetid på ca. eit halvt år).
I mai arrangerte Møre Frie Vikingar marknad på Leikvin i Sunndal. Der deltok både vikingar og byrdingar, og vi hadde dessutan besøkande utanfrå, både frå Borre, bjørgvin og Lund i Sverige.

Veret var fantastisk, bortsett frå ein vind som av og til trua med å reise med telta.
Første helga i september deltok vi på marknaden på Herøy gard. Der var vi ikkje like heldige med veret, sjølv om første kvelden var vakker, med blinkande stjerner på ein høg himmel.
No gler eg meg til ein ny sesong, og håper eg får høve til å vere med på mest mogeleg av aktivitetar.

fredag 1. februar 2008
Sko
Eg gjekk lenge rundt med fjellsko på vikingtreff, men det kjendest ikkje heilt rett. Eg bestemte meg for å oppgradere utstyret, bestilte skinn og fekk tak i mønster til vikingsko. Dette er modellen som er gjenskapt etter funn frå Osebergskipet.Når du sit og arbeider med slikt, er du så konsentrert at du ikkje merkar sola som steiker i skallen før skaden er skjedd. Resten av dagen vart det Aloe Vera og tørkle på haudet.
Men skoa vart fine!
Abonner på:
Innlegg (Atom)